Web Site Creator

LITEN TJENESTE I MITT LIV?

Det kan være fordeler med både å være få når man vil gjøre forandringsarbeid i tjenesten sin.

I Mitt Liv Barnevernstjeneste er mange av tjenestene små. I april 2017 hadde 50 tjenester i Mitt Liv Barnevernstjeneste færre enn 10 årsverk, 24 av de hadde færre enn fem.

Målet til Mitt Liv er at alle barn i barnevernet skal møte voksne som ønsker å samarbeide for å finne nyttigst mulig hjelp. Mange barnevernstjenester i Norge er små, og alle er ønsket inn i Mitt Liv-arbeidet.

Vil du ha din tjeneste med i Mitt Liv? Send en epost til mittliv@forandringsfabrikken.no


ERFARINGER FRA SMÅ TJENESTER

NAUSTDAL BARNEVERNSTJENESTE, SOGN OG FJORDANE
Monica Loen Grov, leder:

Naustdal Barnevernteneste er ei lita teneste med 4 tilsette, hausten 2016 vart vi med i Mitt liv.

Forandringsfabrikken har inspirert oss til å sjå endå betre kor viktig det er å bygge tenesta på erfaring og tilbakemelding frå barn og unge, saman med fagkunnskap. Det er og svært viktig at barn og unge har informasjon om barneverntenesta.

I ei lita teneste er det lett å informere og inkludere alle om «Mitt Liv» som er ein måte å jobbe på som vi ønsker å få til. Alle har eigarskap til tenesta og ynskjer å vere ei bra teneste for dei vi er til for.

Vidare har vi satt opp ein plan for korleis vi vil jobbe med Mitt liv i tenesta vår. Vi har starta opp med fagdagar der alle i tenesta er med, og får jobba med å få «Mitt liv»-anbefalingane inn i malar, rutiner og arbeidsmåtar.

Vi er synelege utad i kommunen ved mellom anna å delta på faste tverrfaglege team i kommunen og vi har fast kontordag på skulane for å vere tilgjengeleg for barn og unge som treng oss.

LOM OG SKJÅK BARNEVERNSTJENESTE, OPPLAND
Beate Stø, leder: 
Vi er ei barnevernteneste med 4 kontaktpersonar. Dette gjer at det er lettare for oss å kunne implementere tilrådingane frå Forandringsfabrikken. Som leiar har eg «full» oversikt, og kan lettare prate med dei andre dersom det er noko. Eg les alle undersøkingsrapportane, og skal ha eit overblikk over om blant anna barnet si stemme er med i desse, og andre dokument. Oversikt og påvirkningskraft er to nøkkelomgrep tenkjer eg.
 
Ved å vera ei lita teneste i eit lite lokalsamfunn, kjenner alle alle. Vi kjenner lokalmiljøet, vi kjenner lærarar, fotballtrenar osb. Ikkje alltid det er positivt, men eg trur vi får eit anna overblikk og kjennskap til både andre i tenestene, folk som bur her, barn og foreldre ser oss i kvardagen som kan vera positivt. Barna har sett oss i ulike samanhengar så vi vert ikkje så farlege på ein måte. Eg vil seie at vår svakhet er vår styrke. Uansett: det er ikkje kvantiteten som er viktig, men kvaliteten :)
 
Eit robust fagmiljø er ikkje det same som eit stort fagmiljø. Det er ikkje sikkert alle store fagmiljø delar inn tenesta etter mottak, undersøking, tiltak osb, men eg meiner at generalistmetoda er bra fordi du fylgjer barnet «heile vegen», noko eg vil tru gje barna ein tryggleik. 

Les mer om hva det vil si å bli med i Mitt Liv.

MITT LIV drives av
Forandringsfabrikken Stiftelse